Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Nerskogsmuseet

Nerskogsmuseet ligg i sentrum på Nerskogen ved grendehuset Fjellheim, ca 200 m. sør for COOP Nerskogen.

Den 16. august 1992 vart seteravdelinga på Fjellbygdmuseet på Nerskogen offisielt opna av daverande ordførar Magne Jostein Hoel. Blant dei frammøtte var festtalar Per Borten og "museets far" Ingebrikt M. Voll.
Dagen vart ein festdag med fanfare av Harald Tøndevoldshagen, velskriven prolog av Ingrid Hoel Frøseth, og vakkert felespel av Tone Snildal, Ingunn Dahlen og Ragnhild Sneve. Renneboe Nedre Theaterforening synte eit tidsbilde om seterflytting i gamal tid.
Husa på Fjellbygdmuseet er henta frå dei gamle setergrendene på Lauvåsen, i Leverdalen og på Nerskogen.

Det første huset Ingebrikt M. Voll fekk flytta til tomta ved Fjellheim var ei slåtta- stuggu. Av andre hus er det seterstuggu som er kome frå Rokkonessetra i Eldålia (Søhaugstuggu). Ei mastu frå ei anna Rokkonesseter på Lauvåsen. Markastuggu har tilhøyrt Bortstuggu Uv i Leverdalen. Løa er kome frå setra til Nørrigar Voll, og fjøset har stått på setra til Oppstuggu Uv. Det er dessutan ei samekoie (gamme) på området.

Mange av husa har vore bygd og flytta før, men har no fått sin framtidige plass på museumsanlegget.
Ting frå gamle dagars seterdrift er samla i og på Nerskogsmuseet.
Innanfor museumsområdet står óg bevart storfurua frå Leverdalen.
Eit fint tun og ein god tilvekst til museumsanlegga til Rennebu Bygdemuseum.

Share on Facebook

Logg inn