Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Butikkmuseet

Butikkmuseet "Gammelbua på Voll" ligg ved Rv700 midt i grenda Voll.

Bygningane står med små endringar slik som dei vart oppsett for formålet, sitat frå statuttene 1871: "Rennebo Nedre Forbrugsforening har som formaal at skaffe Bygdens Folk billige og gode Varer, samt at motarbeide Kredittens Misbruk. Foreningen utsælger sine varer kun mot kontant Betaling, eller ogsaa tilbytter seg saadanne Varer, der med lethed igjen kan bringes i Penge".

Butikklokale og inventar er og slik som da butikken kom i drift åra 1871-72. Steinhellene i butikkgolvet, som vart lagt hausten 1871, har tålt trykket av mange steg gjennom dei neste hundre åra butikken var "handelssenter" i Vollagrenda, og grendene rundt i nerbygda.
Dei to stabbura som vart nytta som lager for butikkvarer, vart innkjøpt etter at hovedbygninga (butikken) var ferdigbygd.
Den "nye" elektrisiteten frå det lokale Hurunda Elektricitetsverk vart til lys i lampene i Vollagrenda den 11.11.1911

Utviklinga framover frå denne datoen vart at elektriske innstallasjonar tok meir og meir av butikkflata til kjøle og fryseutstyr. Gammelbutikken vart alt for liten og trong for slik nymotens handel. Forretningsdrifta på "gammelbua" vart derfor stengt i 1970. Handelen vart flytta over til ny butikk 150 m lenger sørøst ved Rv 700. Hovedbygninga på gammelbutikken vart gjeve til Rennebu Historielag av Ingebrikt O. Bakk. Den delen av varesortimentet som var høveleg til museumsbruk og to stabbur på eiendommen vart kjøpt av historielaget for 55 000 kroner.
I seinare år er det museale varespekteret komplettert med gaver frå interesserte museumsvenner.

På gammelbua vil du i hyllene, blant gamle orginalvarer, finne fiskeskinnssko og B-såpe frå krigsåra 1940-45. På kontoret står ei kulehodeskrivemaskin frå først på 1900-talet, og på stabburet den gamle smørbråka. Et lite utvalg blant mange, mange ting og varer, innanfor museumsområdet.
Det mest unike med butikkmuseet er at alle dokument fra hundre års butikkdrift er lagra. Dokumenta er seinare ordna og katalogisert av Dagfinn Vold. Butikk - kladdane frå 1870-åra er historiske perler og ein dokumentasjon på dei store samfunnsmessige hamskifter i den tidsbolken som vi har lagt attom oss.

For eventuelle museumsgjester som vil ha enda meir dokumentasjon omkring butikkmuseet, kan det anbefalast å ta med boka "Hjartet i Vollgrenda 1871 - 1970" som kan kjøpast på Gammelbua. Forfattaren Dagfinn Vold gjev her eit godt historisk bilde av drifta på den gamle butikken gjennom hundre år, krydra med gode historier frå butikktida.

Om du besøker Gammelbua vil du og finne dokumentasjon på den rolle butikken hadde som sosial faktor i grendesamfunnet. Den var bindeledd mellom produsent og forbrukar ved å ta i mot kjøt, ull, vilt, og i gode bærår molte, for bytting eller videresalg. Når varen var levert fekk du handla på "krita" for det du leverte, til oppgjøret kom. Dette hadde stor betydning i ei tid da kroner og øre var mangelvare og svolten banka på døra både titt og ofte.

Share on Facebook

Logg inn