Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Høylåven

På øvre sida av E6, ca. 4-5 km. nord for Berkåk sentrum, står det ein høylåve i veikanten. Låven vart i arkitekturverneåret 1975, under prosjektet "gamle hus ved våre ferdselsveier", etter oppfordring frå fylkeskonservator Jonas Gill Haanshuus, overteke av Rennebu Historielag. Historielaget tok låven inn som ein del av samlingane til Rennebu Bygdemuseum, på den staden der han står.

Låven sto til først på 1900-talet oppå bakkane ved setra Aunet, men vart flytta ned til vegen. Brørne Lars Halvorsen Stavnehagen og Even H. Nyhus flytta låven. Tilleggsmaterialer for flyttinga vart skore på sagbruket i Jønnåa.

I 1906 var det "tekkjardona" på låven. På den tida åtte dei ikkje forsamlingshus på Nordskoga så låven vart nytta som danselokale. I dei neste 3-4 åra drog Ola Sletten og Ingebrikt Gunnesløkkjinn mang ein slått fra trekkspellet på låven. Låven fekk ei "ansiktsløftning" etter at historielaget tok over bygget. Men har dei siste åra stått "på stedet hvil".

No er det lagt torv på den siste taksida og laga ny kjørebru. Låven vil stå som eit framtidig minnesmerke over gamle dagars slit.

Share on Facebook

Logg inn