Rennebu Historielag

Rennebu Historielag vart stifta 27. desember 1949, og den første formannen var Ingebrikt H. Ytterhus. Formålet var, sitat: "å vekkja historisk interesse, auke og spreie kunnskap om bygda si fortid, verne om dei materielle kulturminne og berge den munnlege tradisjonen som enno finst om liv og arbeid i eldre tid."

I alle år har laget lagt denne formålsparagrafen som grunn for sitt arbeid.
Den delen av paragrafen som går på interesse, kunnskap og munnleg- (skrive) tradisjon er ivareteke gjennom årsskriftet vårt. Det første årsskriftet kom i 1950, og åpna med eit dikt av Jon Gunnes som han kalla "Rennebu", tonesett av Olav Budeng. Diktet fekk etterkvart namnet "Rennebusongen" og har vorte bygdesongen vår, vårt kulturelle "varemerke". Frå og med årsskrift 2001 er den første lina i diktet, "Innunder blåe himmelrand", undertittel på årsskriftet. Frå og med 1999 har Innset Historielag gått inn som samarbeidspartnar i årsskriftet. Det felles produktet er kalla årsskrift for Rennebu og Innset Historielag.
Av skribentar oppgjennom åra kan nemnast: Ingebrikt O. Rokkones, Olav Berkaak, Jon Gunnes, Engel Meslo, Martin Foss, Arnt Lånke, Birgit Foss, Arne Lundaløkk og mange fleire.

Den meir praktiske delen av formålsparagrafen i stiftingsdokumentet "verne om dei materielle kulturminne," vart gjennom styrevedtak om " å arbeida for å skipe til eit bygdemuseum for bygda", sett på dagsordenen i historielaget. - Alt i 1952 vart garden Haugen kjøpt av den einslege dottera på garden, Anna Haugen. Den 4. juli 1965 vart så gardsmuseet som fekk namnet "Rennebu Bygdetun" åpna. Garden kunne åpnast som bygdetun og museum 13 år etter kjøpet. Dette har lærar og bonde på Grindal, Arnt Kjelland mykje av æra for. Utan den store innsatsen han gjorde i starten med innsamling og registrering, har ikkje museet hatt den historiske tyngda det har i dag. - Styreorgan og eigar av bygdetunet (og andre anlegg) er i dag Rennebu Bygdemuseum som har sitt utspring i Rennebu Historielag.

Rennebu Nedre Forbrugsforening "Gammelbua på Voll", kom inn som ein del av Rennebu Bygdemuseum i 1980. Butikkbygninga med ein god del innventar og varer var ei gåve frå Ingebrikt O. Bakk. I 1984 kunne butikkmuseet "Gammelbua" halde åpningsfest.

Av andre museumsanlegg som Rennebu Bygdemuseum har, kan nemnast Nerskogsmuseet. Ingebrikt M. Voll var ein av initiativtakerane til dette anlegget, som inneheld seteravdeling, slåttastuggu og høylue. Dessutan er samene sin historiske bakgrunn i Trollheimen markert med ei gamme på museumsområdet.
 
 


RENNEBU HISTORIELAGS STYRE 2017
  • Ingrid Lånke, leder
    Mobil 979 79 952 ingrid.laanke@getmail.no
  • Ragnhild Voll Stokkli
  • Brynjulf Angell Toset
  • Erling Grøtte
  • Karne Margrethe Engdal
  • Nina-May Sneve Havdal - kasserer, 7397 Rennebu tlf. 951 61 957
    nina.may@postkassa.net

SKRIFTSTYRET

RENNEBU BYGDEMUSEUM
  • Oddbjørn Gorsetbakk - leder Grindal, 7393 Rennebu tlf. 72 42 61 18 / 918 21 554
    oddbjoern.stiga@getmail.no
  • Bjørn Heggem
  • Frode Mærk
  • Nils Skamfer (kommunens repr.)
  • Inger Bjørnaas (kommunens repr.)









Om logoen

Vinteren 2001/2002 tok styret i Rennebu historielag opp ide'en om internett-tilknytning. Et gammelt mål om å få skapt en logo for historielaget, ble med dette aktualisert som symbol og kjennetegn for våre nettsider.
Styret inviterte våren 2002 til en konkurranse om det beste utkastet til logo. Karin Gravaas fra Steinkjer, gikk seirende ut av konkurransen. Hennes utkast med små forandringer står nå som historielagets logo på denne siden. Logoen tar utgangspunkt i mønsteret på ei lita remse av et billedteppe som i eldre tider var en del av festpynten i Rennebu kirke, men er ingen direkte kopi av dette.

Tidligere ordfører Tora Husan har skapt den populære "Rennebugenseren" med grunnlag i samme mønster.
Omtalte teppebit var i Universitetets Oldsakssamling i Oslo, men er nå blitt borte. Billedteppet fra Rennebu kirke antas å være fra omkring 1150 og er den eldste dobbelvev som er funnet i norden. De menneskelignede figurene i mønsteret/logoen antas å forestille veversker.