Rennebu Bygdetun

Haugen ligg på vestsida av elva, med avkjøring ved Mærk bru eller Rennebu kyrkje.

Bygdetunet er kalla "hovedbruket" innafor museumsanlegga til Rennebu Bygdemuseum. Den gamle garden ligg slik som den gongen jordbruksdrifta var i vanleg gjenge. To bygningar er flytta til garden. Ei gamal smie som står eit stykke opp for gardstunet, og "N ybrostuggu" som i gardsanlegget fungerar som "mastu". Nybrostuggu kan og kallast "servicebygg", som har toalett, kjøkken og opphaldsrom (stuggu) i første høgda. Andre høgda har rom for kontor/arkiv og eit utstillingsrom. Denne bygninga vart flytta til museet i 1991-92 frå Mærkjesbrua lenger ned i dalen, der ho sto på brekka aust for bruspennet og vart kalla "Brustuggu".
Til garden høyrer ca. 40 mål dyrkajord og utmark, delvis med drivbar skog. I utmarka er det og eit gammelt slåtteng på Lauvåsen, og eit i Svarthamrom. På det siste står det ei markastuggu som er restaurert og open for turgåarar.
Gardstunet på Haugen er kransa av stuggubygning (lånn), låvebygning (trøskarlåve) med lagerrom under, fjøs med høylåve over, stall med vedskjul og to stabbur. Stallen er truleg den eldste bygninga på garden.

Historikk
Garden Haugen eller "Houge" vart truleg rydda ein gong før 1300. Svartedauden kom, la garden aude og husa rotna ned. I 1590 dukka garden fram att i lista på Kongens matrikkelgardar i Renneboe Tinglaug, Orcedalens Lenn. Den første nedskrevne brukaren heitte Jon som da vart leiglending. Det var først i 1755 at daverande brukar Arnt Lødenson fekk kjøpe garden og vart sjøleigar.
Garden Haugen har oppover hundreåra vore selt og skifta eigarar mange gonger. Dei siste som budde og dreiv garden var søskenparet Anna og Arnt Haugen. I 1950 døydde Arnt og i 1953 selde Anna garden til Rennebu Historielag.

Lærar og bonde Arnt Kjelland starta kjempearbeidet med å fylle museumsromma med møblar og reidskap, koppar og kar som kunne fortelje om korleis folk levde, arbeidde og klara seg før i tida. Denne innsamlinga har fortsett fram til i dag men utan det grunnlaget lærar Kjelland hadde lagt ville dette vore svært vanskeleg.

Rennebu Bygdetun, Haugen vart opna 4. juli i 1965 og er i dag eit fullverdig museum og innledningsvis nemnt som "hovedbruket" i museumsavdelingane som utgjer Rennebu Bygdemuseum.
Bygdetunet er vel verdt eit besøk av deg som er interessert i gamle jordbruks/handverksredskap og arbeidsmåtar, folkedrakter og husgeråd, møblar og handarbeid. Dessutan er gardsanlegget i seg sjølv ei reise attende til gamal tid.