Randistuggu

I veikanten like sør for Gunnesgrenda ligg Randistuggu.

Stuggu er av tømmer og er et av landets minste bolighus. Innearealet er på knappe 5,8 kvadratmeter (2,4 x 2,4 m.) I dag er det vanskeleg å sjå for seg at nokon kunne bu på så liten plass. Inventaret frå gamal tid var ei skuvseng med lengde 1,6 m., eit lite bord, eit veggskåp og ein lysomn. Lysomnen vart ikkje sett i stand att under restaureringa som Gunnes grendalag utførte på dugnad i 1993.

Det finst få opplysningar om Randistuggu, men den første som budde der var ei kvinne med namnet Jå`å. Etter ho, flytta Randi Ulriksdotter inn.

Stuggu vart lafta saman i daglegstuggun på Oppstuggu Gunnes (Haugset), og har all si tid stått på den plassen ho står i dag. Årstalet stuggu vart flytta frå daglegstuggu og ut til veikanten, er ikkje kjend. Men det er sagt at stuggu vart bygd den tid brørne Trond og Arnt Pedersen dreiv på Oppstuggun. Dei hadde garden frå 1842 til 1894, så byggeår er i alle høve før 1894.

Denne Randi som stuggu har namnet sitt etter, vart fødd på Fagerhaug i 1839 og døde i 1906. Randi dreiv med saum og veving. Når ho satt på eit eller anna loft og vov, tok ho ofte fram krokpipa og fyra på med ekte Langaard skråtobak.

Vitjar du stuggu blir diktets ord sanne: "Trenger ei slotte men vil kun et hjem -"